Arrangement

Kompetanse

Mat

Dyrskuplassen

Galleri

Kontakt

ARRANGEMENT
PÅ DYRSKUPLASSEN

2 dagar att til
Planlegging Korsvei
24.05 - 26.05.2013

38 dagar att til
Sjøormløpet
29.06 - 29.06.2013

42 dagar att til
Seljordfestivalen
03.07 - 07.07.2013

47 dagar att til
Maran Ata
08.07 - 14.07.2013

55 dagar att til
Korsvei
16.07 - 21.07.2013

63 dagar att til
Countryfestivalen
24.07 - 28.07.2013

86 dagar att til
Gjetarhundkurs
16.08 - 18.08.2013

114 dagar att til
Dyrsku'n 2013
13.09 - 15.09.2013

150 dagar att til
Oktoberfest
19.10 - 19.10.2013

156 dagar att til
Gjetarhundkurs
25.10 - 27.10.2013

192 dagar att til
Jolemarknad 2013
30.11 - 01.12.2013

352 dagar att til
Vårmarknad 2014
09.05 - 10.05.2014

478 dagar att til
Dyrsku'n 2014
12.09 - 14.09.2014

842 dagar att til
Dyrsku'n 2015
11.09 - 13.09.2015

1206 dagar att til
Dyrsku'n 2016
09.09 - 11.09.2016

OVERNATTING

SALSMESSA - SELJORDUTSTILLINGA DYRSKU'N

09. - 11. september 2011

Salsmessa på Dyrsku’n er ei av dei beste salsmessene i landet. Her får 650 utstillarar møte eit publikum på nærare 80 000. Her er rom for det meste, frå dei som driv stort i maskiner og utstyr til dei som driv med handverk og lokalprodukt.  Dette vide spennet skaper ein fargerik og mangfaldig marknad som har stor appell til folk flest. Pengane sit derfor ekstra laust hos alle som strøymer til denne store folkefesten i Seljord, eit arrangement det ikkje finst make til her i landet.

 

Dyrskuplassen dekker eit areal på 120 mål som er regulert og planlagt for storarrangement som Dyrsku’n. I tillegg utvida vi området med om lag 25 mål i 2010. Dette området er førebels ikkje fullt opparbeida med all ønskeleg infrastruktur, og utstillarar på dette området får ein rabatt på 10% på standleiga. Utstillarane kan velje mellom uteplass eller plass i ein av hallane. Både ute og inne er alt lagt til rette for så vel utstillarar som publikum.

 

UTESTAND

Underlaget er gras eller grus på utestandane. Mellom dei går det i all hovudsak gode asfalt- og grusvegar.

  • Ordinære utestandar er 4-6 meter djupe. Det er lengda på fronten som tel når ein reknar ut prisen.
  • Hjørnestand kan bestillast på lik line med andre standar. Tilleggsavgift til ordinær standleige er kr. 2000,- Dette gjeld alle typar utestandar.
  • Landbruks- og maskinutstillarar kan ikkje bestille mindre enn 50 m².  Det vert rekna flat pris frå første m². Djubda på desse standane varierar frå ca 7-12m
  • Kniv- og klokketorget utanfor hall A er eit område reservert for kniv- og klokkehandlarar.  Dei som berre sel knivar og klokker i mindre omfang, får friplass her med plass for eit lite bord og ein stol. Her er det ikkje førehandstinging, men førstemann til mølla. Vi ber likevel om at dei aktuelle utstillarane registrerer seg på utstillarkontoret ved ankomst.

BRANSJEINNDELING

Arrangøren prøver så langt det er råd å samle utstillarane bransjevis, og ein vil stort sett fylgje ein slik fordeling av området:

  • B, C og øvste del av A: landbruk/maskinutstillarar
  • A200-A400: bil, verktøy og fritid
  • A10/Matkvartalet: kortreist mat, grønsaker og frukt
  • D100-D200: byggevarer
  • D500-D600: ein del brukt-  og antikvitetshandel
  • G: heim, sport og fritid
  • H: primært handverk
  • E100-200: verktøy, maskinar m.m.
  • D-E: delar av dette området er nær tivoli og har eit eksotisk preg med ymse tilbod
  • I: maskinar, verktøy, bil og frilufts-/aktivitetsområde m.m

 

INNESTAND

I hallane er det panel veggar og skiljeveggar av enkelt rammeverk (2,5 m høge) og utstillarane må kle desse sjølve. Det er ikkje tillate å setje opp faste installasjonar eller spikre i faste veggar. Stoff bør vera av flammehemmande type.

  • Ridehallen er på nesten 1200 m²,  standane er 2-4 meter djupe, med valfri breidde. Utstillar tingar ynskt kvadratmeter på søknadsskjemaet.
  • Hall A (husflid, handverk og brukskunsthall) er 400 m², og utstillarar innan husflid og brukskunst har førsteprioritet. Hallen er inndelt i modular – langs vegg, 3,2 brei – 2,6 m djup, standane i midten er 3 m breie og 2 m djupe.
  • Lokal- og økologisk mat. Det er reservert plass for produsentar av økologisk- og lokalmat  i eit eige mattelt.  (Modular a ca 3 x 3 m.)  Same påmeldingsskjema som for dei andre utstillarane. 

SAL AV NÆRINGSMIDDEL – sjå reglane

       

STRAUM

Straumspenninga på Dyrskuplassen er 1-fasa 230 og 3-fasa 400V(har 5 leiars støpsel). Det er ikkje tilgang til 3-fasa på alle område, behov må derfor spesifiserast på søknadsskjema. I standleiga er inntil 1,5 kw inkludert i prisen. Treng ein meir straum, må dette tingast og spesifiserast ved påmelding. Ein rår utstillarane til å ta med rikeleg med skøyteleidning. Elektrikar på plassen er Dyrud Elektro, telefon 35 05 80 80.

 

PARKERING - KØYRING

Utstillarane kan parkere på eigen standplass dersom det er rom for det (men ikkje så bilen er synleg for publikum), eller på utstillarparkeringa på utsida av utstillingsområdet. Tyngre køyretøy blir vist til eigen parkeringsplass. Med køyrekort kan ein køyre inn og ut av plassen under arrangementet før kl 09.00 og etter kl 18.00. Sundag kveld opnar ikkje portane for innkøyring til plassen før ca. kl. 18.30. Eigen utkøyringsplan blir levert utstillarane ved oppmøte.

 

VAKTHALD

Det er nattevakt på utstillingsområdet frå måndag 5. september til måndag 12. september. Arrangøren tek ikkje ansvar for mogelege tap. Utstillar må sjølv sørgje for forsikring.

 

KUNDEKORT

Utstillar kan invitere kundar til messa ved å tinge kundekort som blir sendt til utstillaren i god tid før utstillinga. Unytta kort må returnerast snarast og vil bli kreditera etter arrangementet. Korta gjeld som inngang for ein dag.

 

ID-BAND

Alle utstillarar må ha ID-band for å kome inn på utstillingsområdet. Det er 2 ID-band inkludert i standleiga. Treng ein fleire id-band, kan det tingast på søknadsskjemaet eller ein kan få kjøpt dette på utstillarkontoret under marknaden.

 

SØKNADSKJEMA OG REGLAR

For å få plass på Dyrsku’n 2011,  må ein fylle ut søknadsskjema som du finn på heimesida vår www.dyrskun.no

Vi ber om at alle med tilgang til Internet nyttar dette søknadsskjemaet.  Det er eigne reglar for salsmessa som følgjer søknadsskjemaet. Vi gjer merksam på at vi erfaringsmessig får fleire søkjarar enn vi har plass til, og vi må derfor avvise ein del søkjarar. Vi prioriterar utstillarar som vel å stille på fleire av våre marknadar, samt variasjon og kvalitet. SØKNADSFRIST 1. APRIL.

 

 

Standleige (alle prisar eks. MVA)

Utestand:

- tillegg for hjørnestand

kr

kr

700

2000

pr. løpemeter. Normal djubde er 4-6 m pr. stand

Hall A:

kr

4400

pr. modul på ca 8 m²

Ridehall:

kr

550

pr. m², 3 el. 4 m djupe

Landbruksmaskin/utstyr:

-          tillegg for hjørnestand

Anleggsmaskin/utstyr:

kr

kr

 

50

2000

 

pr. m² - minimum 50 m²

pr. stand

Same som for landbruksmaskin

Lokalmattelt: mat for direkte konsum

Lokalmattelt: ikkje direkte konsum

 

kr

16 %

4000

av brutto omsetning - modul a 6-8 m² Provisjon vert etterfakturert

pr. modul a 6 - 8 m²

 

PÅMELDINGSAVGIFT

Det er ei påmeldingsavgift pr stand, også dersom ein utstillar bestiller fleire standar. Påmeldingsavgifta er kr 800 + mva pr stand utan omsyn til storleik. Beløpet skal betalast uoppfordra til konto nr 2711.13.05183 når du har sendt søknadsskjemaet. Dei som søkjer og betalar påmeldingsavgift, men likevel ikkje får stand på Dyrsku’n, vil få refundert 50% av det innbetalte beløpet. Hugs å merke innbetalinga med påmeldingsnamn!

 

PLASSTILDELING

Tildeling av stand skjer fortløpande etter at søknadsfristen er gått ut. Søknader som kjem inn etter fristen, vert lagt til side til første utkast av kartet er ferdig. Informasjon om plasstildeling og faktura vert sendt så fort det er klart, og seinast innan utgangen av juni.  ID-band og førehandsbestilte kort får de på utstillarkontoret når de kjem til utstillinga. Standplassen vert stilt til rådvelde frå måndag 5. september.

Utstillarliste med søkbart kart på firma og vareslag vert lagt ut på nettsida i august. Lista vert også publisert  i messeavisa. Web-link til utstillarliste kan tingast på søknadsskjemaet.

 

INNKVARTERING

Kontakt så tidleg som mogleg:

 

Møtestad Seljord tlf. 35 05 04 00 www.seljordportalen.no eller

Reisemål Bø tlf. 35 06 02 00 www.boitelemark.com 

 

OPNINGSTIDER 

NB! Gjeld også hallane!

Fredag og laurdag               kl 09.00-20.00

Sundag                                  kl 09.00-18.00                     

 

KONTAKTINFO

Telefon                                  35 06 57 70

Telefaks                                35 06 57 84

e-post                                    salgsmessa@dyrskun.no

Heimesider:                          www.dyrskun.no

 


Last ned Dyrskuavisa 2012 (17 Mb)

DYRSKU'N
I MEDIA

Varden:
På vei ut av Dyrsku'n

Varden:
Med Telemarks-øl og Sputnik på menyen

KVA SKJER
I SELJORD?
Dyrsku'n Arrangement AS, Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord. Telefon 35 06 57 70, faks 35 06 57 84, epost: post@dyrskun.no