/dokument/Utstillingsregler_ku.pdf
HUSDYRUTSTILLINGA DYRSKU'N 2013
Merk deg at me også i år arrangerar BÅDE ku og geitutstilling på fredag!
Påmeldingsfristen er ikkje satt.
Sist oppdatert : 22.02.2013
VI INVITERAR TIL:
Storfeutstilling, kalvemønstring, kumønstring og geiteutstilling fredag 13.september 2013
Husdyrutstillinga er framleis ryggraden i Dyrsku'n, og Fjoset med husdyr, dømming og mønstring er hovudarenaen på Dyrskuplassen. Vi er svært glad for den interessa som husdyrhaldarar syner ved å vise fram gode dyr og slik slutte opp om Dyrsku'n.
STORFEUTSTILLINGA
Alle rasar dømmast etter same reglement. Slik får utstillinga ei form som appellerar til eit breitt publikum og blir meir i tråd med reglane for internasjonale utstillingar.
Kyr av same rase blir dømt gruppevis kvar for seg framfor scena. Deretter blir 1. premiekyrne tatt inn og rasen sine beste dyr kåra. Slik tek ein rase for rase, og di fleire av dei eldre og sjeldnare mjølkerasane som blir med, di større interesse vil utstillinga fenge hos publikum. Til slutt tevlar dei beste dyra av alle rasar om å bli best og få prisen for beste ku på Dyrsku'n 2012 - Dyrsku'prisen.
Utstillingsreglar for storfe finn du her:
Frå og med 2013 tillet me at alle gamle norske storferaser stiller med dyr som ikkje er medlem av kukontrollen. Dette for å kunne rekruttere frå fleire besetningar. Det presiserast imidlertid at dei same krava gjeld til avstamming og merking som for alle andre raser.
Det vert lagt ut meir info her etterkvart.
FRÅ UTSTILLINGSREGLANE NEMNAST:
Krav til premiegrad for alle raser:
1.premie 8,0 for kropp og bein og 4,0 for jur.
2.premie 7,0 for kropp og bein og 3,0 for jur.
3.premie 6,0 for kropp og bein og 2,5 for jur.
Alle utstillarar av ku får deltakarpremie, og dei som får 1. premie og 2. premie får sylvskei.
ANDRE KRAV:
- Besetninga må vera med i kukontrollen.
- Dei dyra som stiller, må ha seminokse eller stambokføt gardsokse som far, og vera av mjølkerase.
- Det vert ikkje stilt krav til avlsverdi.
- Alle dyra skal mjølkast om morgonen utstillingsdagen.
- Kyr med tomme jur blir også dømt.
- Alle dyr må vera rett merka i begge øyre og innmeldt i merkeregisteret.
- Sjuke dyr dømast ikkje.
- Alle dyr må væra korrekt merka - ellers vert dei ikkje dømde!
KUMØNSTRING - FOR UNGDOM OVER 13 ÅR
Vi vil i år vidareføre og utvikle kumønstringa som er ei klasse for ungdom. Ungdommane skal premierast for styling og koordinering mellom mønstrar og dyr. Sjå brosjyre om kumønstring her.
Reglar for kumønstringa:
- Krav til mønstrar: Må vera fyllt 13 år. Krav til dyret: ku eller kvige over 6 mnd gammal.
- Vi går bort i frå dommerskjema . Det dømmast etter styling og handtering.
- Mønstrar må kunne stille ku i åpen stilling. Stillast det med kvige, må denne kunne stillast i lokka stilling.
- Alle ekvipasjar inn i ringen samtidig. Dommarane plukker så ut ein og ein, og står til slutt igjen med 5 ekvipasjar i ein finale
- Dei ekvipasjane som ikkje kjem til finalen, trekker ut til sida i ringen og er med heilt til slutt.
- For å skilje finalistene, kan det vera aktuellt å bytte kyr.
- Det oppfordrast til at deltakerene stiller kua si i eksteriørkonkurransen tidligare på dagen.
KALVEMØNSTRING
Kalvemønstringa er eit publikumsvennleg og sjarmerande innslag etter at kyrne er dømt på fredag.
Reglar for kalvemønstringa:
- Krav til mønstrar: 5 - 15 år gammel. Krav til kalven: 1 - 6 mnd gammal okse eller kvigekalv.
- Vi delar mønstrerane inn i 3 grupper etter alder. Dette blir gjort etter at påmeldingsfristen er ute og vi ser aldersfordelinga.
- Vi går bort frå dommerskjema.
- Kvar gruppe er inne i ringen ca. 20 min og dommarane rangerar etter styling og handtering av kalven.
- Vi har ei samling for alle kalvemønstrerane og dommarane medan ku-utstillinga pågår. Der vil dommarane fortelja litt om utstillinga, og kva dei vil sjå etter og legge vekt på.
Påmelding
GEITEUTSTILLINGA
Me prøvar oss i år med ei litt ny vri på geiteutstillinga. Me tilnærmar oss endå meir kuutstillinga, i og med at me berre dømer etter poeng for kropp og bein og jur og spener. Me tar altså IKKJE hensyn til avlsindeksen til dyret når me finn Dyrskun’s beste geit. Dette er ei prøveordning som varer i 2 år, så evaluerar me ordninga etter Dyrsku’n 2013 og ser om det har hatt effekt på oppslutning frå produsentar.
Me dømmer altså alle geitene likt etter eksteriør, så tek me til slutt inn i ringen alle som held mål til 1.premie og finn den beste geita – som tidlegare. Det vert delt ut sylvskei til 1. og 2. premiegeitene.
I tillegg til dette set me opp ein gavepremie til den 1.premiegeita med høgast poengsum totalt – altså sum eksteriør og avlsindeks. Slik tek me litt vare på avlsgeitene.
Me oppmodar i år alle ungar opp til 13 år som ynskjer det å stille som eigen utstillar med eiga geit. Me vil også prøve å få til ei eiga mønstring for desse ungane med mal frå kumønstringa for ungdom der me berre ser på korleis ungane handterar dyra. I denne mønstringa vil alle bli premierte.
Påmelding av geit skal sendast til Sigmund Romtveit: sigmund.romtveit@tine.no. Tlf. 91698093. Når du melder på geit skal du også sende med stamtavle.
GENERELT OM UTSTILLINGANE
TIDSPUNKT:
- Utstillingane tek til kl. 10.00 fredag.
- Det er vanskeleg å reise frå plassen før kl. 17.00.
- Det er mogleg å koma med dyra dagen før utstillinga, men dette må avtalast med utstillaransvarleg på førehand.
TILSKOT:
- Dei som stiller ut ku og geit får eit tilskot på inntil kr. 1.500,-
- Utstillarar som går saman om felles transport, kan imidlertid søke om å få dekt denne transporten, heile tilskotet fell då bort.
VETERINÆRATTEST
Alle dyr må ha veterinærattest som ikkje er eldre enn 2 dagar. All avlessing skjer ved Husdyrhallen, der ein også finn veterinærkontoret. Spørsmål kan rettast til Seljord veterinærkontor på telefon 350 50 930.
INFORMASJON:
Nærare orientering til utstillarane kjem i brev om lag to veker før utstillinga.
Det er Tine Rådgjeving og medlem som er ansvarleg for å gjennomføre storfe- og geiteutstillinga på Dyrsku'n.
Spørsmåll kan rettast til utstillaransvarleg:
Njål Vestøl på mobil 913 76 415 - njal.vestol@tine.no
PÅMELDING - STORFE:
I tillegg kan du melde på til :
TINE Rådgjeving og medlem
Århusveien 191, 3721 Skien
E-post: njal.vestol@tine.no eller gro.knutsen@tine.no
Mobilnr. 913 76 415 eller 913 76 416
Påmelding av geit skal sendast til Sigmund Romtveit: sigmund.romtveit@tine.no. Tlf. 91698093. Når du melder på geit skal du også sende med stamtavle.