Frå Særutstillinga Dyrsku'n 2011
foto: Øystein Køhn
HUSFLIDSTEVLINGA 2012
Husflidstevlinga Dyrsku’n speglar dei rike husflidstradisjonane rundt om i landet, og har som mål å ta vare på både tradisjon, nyskaping, kvalitet, breidde og mangfald, i tillegg til å auke rekrutteringa til husflidsfaga. Det er ei open tevling der alle kan ta del, og der både dei som har handverket sitt som hobby og dei som driv profesjonelt er velkomne til å delta.
KLASSER
Nytt av året er ei rekrutteringsklasse, for å gje elevar, studentar og lærlingar ein eigen arena der dei kan få sine produkt bedømt på ein god måte. Dette vil seie at alle kategoriar vert delt inn i ei heilt rekrutteringsklasse og ei eliteklasse med undergrupper.
Klasseinndeling innan tekstil, tre, sylv :
Rekrutt
Arbeida til elevar, studentar og lærlingar blir vurderte ut frå kvalitet og formgjeving.
Elite
- Handverk:
Utøvarar som sender inn arbeid i handverksklassa vil få ei vurdering av dei handverksmessige kvalitetane til arbeidet. I denne klassa er det ikkje sett krav til at utøvaren skal ha komponert mønsteret til arbeidet sjølv.
- Formgjeving:
I formgjevingsklassa må utøvaren ha vore med i arbeidsprosessen frå idè til ferdig arbeid. Det er mogeleg å melde på arbeid der fleire har arbeidd saman.

Klasseinndeling innan rosemåling, kniv og smiing :
Rekrutt
Arbeida til elevar, studentar og lærlingar blir vurderte ut frå dei same kriteria som gjeld for eliteklassene.
Elite
I desse kategoriane vert det ikkje dela mellom handverk og formgjeving i døminga.
KATEGORIAR med undergrupper
Tre
- Treskjering
- Dreiing
- Møbel
- Andre teknikkar som sveiping, lagging, neverarbeid o.l.
- Eksperimentell form
Tekstil
- Maskearbeid
- Toving 
- Brodering
- Vev
- Saum
- Bunad
- Eksperimentell form
Kniv
- Brukskniv
- Staskniv
- Eksperimentell form
Smiing
- Eggverktøy/verktøy
- Kunstsmiing
- Eksperimentell form
Sylv
- Filigransarbeid
- Gravering
- Smiing/kurpus
- Smykke
- Eksperimentell form
Rosemåling
Rekrutt
Arbeida til elevar, studentar og lærlingar blir vurderte ut frå dei same kriteria som gjeld for eliteklassene.
Elite
I desse kategoriane vert det ikkje dela mellom handverk og formgjeving i døminga.

Alle foto: Leif Jamtveit / Øystein Køhn / Audny Barstad
SÆRUTSTILLING
Temaet for årets særutstilling er TRE, og me er glade for å kunne presentere arbeid av Elin Gilde Garvin, som stiller ut korger og små treprodukt.
NYSKAPINGSPRISEN
Det vert også i år delt ut ein Nyskapingspris med mottoet ”Nye skot frå gamle røter”
STIMULERINGSPRISEN
Prisen vert dela ut til ein handverkar som utmerkar seg med godt abeid. Sponsor for prisen er Seljord Sparebank.
GONGE STOGO
Vest-Telemark museum viser ei særutstilling.
REGLAR
* Kvar deltakar kan sende inn maksimum tre arbeid i kvar kategori.
* Dei innsende arbeida må vera innanfor dei kategoriane og undergruppene det vert tevla i.
* Dei innsende arbeida må vera ferdig utført i løpet av i 2010-12.
* Ein kan ikkje ta del i tevlinga med arbeid som har vore stilde ut på premierte tevlingar tidlegare.
* Alle arbeida må vera arrangøren i hende innan innleveringsfristen.
* Tevlinga har deltakaravgift på kr. 200,-. Denne blir fakturera etter påmelding.
* Ein kan ikkje melde på same arbeid i begge klassene (handverk og formgjeving)
* Dei beste arbeida vert premierte.
* Husflidsutstillinga Dyrsku’n viser dei beste arbeida frå tevlinga.
* Dyrsku'n Arrangement AS atterheld seg retten til å bruke bilde av produkta til marknadsføring
FORSIKRING
Arbeid som vert sende inn til tevlinga er forsikra gjennom Dyrsku’n Arrangement AS. Dette gjeld frå produkta er mottekne av oss, til produktet vert levert/ sendt attende til eigar. Postgangen er ikkje forsikra.
SPØRSMÅL kan rettast til:
Avdelingsleiar Eva K. Flatin, 35 95 60 78 / 90 60 78 75
husflid@dyrskun.no
PÅMELDING
Påmeldingsskjema får de her, skriv ut skjemaet, fyll det ut og send det til oss på e-post, telefaks eller i posten.
Dyrsku’n Arrangement AS
Nordbygdivegen 60
3840 Seljord
Telefon 35 06 57 70
Faks 35 06 57 84
husflid@dyrskun.no
Påmeldings- og innleveringsfrist: 27. august
Henting av arbeid:
Frå hall B: kl. 17.00 - 20.00 Dyrsku-sundag 16. september 2012
og påfylgjande måndag og tysdag kl. 09.00-16.00
VELKOMEN SOM DELTAKAR PÅ HUSFLIDSTEVLINGA - DYRSKU'N 2012 !
Fleire bilde frå husflidstevlinga ligg under pressebilde.