Folkefesten som samlar omlag 80 000 menneske frå heile Sør-Noreg og meir.
Det heile starta i 1850-åra då det vart avvikla fesjå på ein rekke plassar i Telemark. Her møtte bøndene fram for å handle og selje, fyrst og fremst var det handel med dyr, men etter kvart kom det òg andre varer til. Det var ikkje uvanleg at 4-500 dyr var for sal under marknadane.
Etter kvart var det sterke krefter som ville ha fesjåa samla på ein fast stad, så då Even Høyesen Nordgarden stilte eit 100 daa stort område til disposisjon samstundes som statsagronom Johann Lindequist jobba iherdig med myndigheitene, vart det avgjort at fesjåa skulle haldast i Seljord.
Slik vart Dyrskuhistoria til.
140 år med Dyrsku`n
1866: "Statens første Qvægudstilling" i Seljord.
1867: Dyrsku-fjøset med 200 båsplassar teke i bruk.
1897: Dyrsku-fjøset utvida til vel 300 båsplassar.
1916: 50-årsjubileum. Kongens fortjenstmedalje i sølv til telebøndene Hans Kleppen og Sveinung Groven for arbeidet "for telemarksfæets fremgang".
1947: Det blir opna for andre storfe-rasar enn Telemarkskyri.
1956: 100-årsfeiring av det fyrste rasedyrskuet i Noreg, Kviteseid i 1856, og 90-årsjubileum for Dyrsku'n i Seljord. Kronprins Olav æresgjest.
1962: Bygdekunst/husflidutstilling for fyrste gong på Dyrsku'n. I dag landets største husflidsutstilling.
1965: Seljord kommune inn i Dyrsku'n.
1966: Jubileumsutstilling. Ny husflidshall, utstillingshall og nytt sanitæranlegg.
1968: Dyrsku'n blir utvida frå to til tre dagar og flytt til helg.
1969: Namneendring til Seljordutstillinga Dyrsku'n. Den fyrste Seljordprisen blir delt ut.
1970: For fyrste gong over 20 000 besøkandes på Dyrsku'n: 20 193.
1977: Seljord Idrettslag tek over matsalet på Dyrsku'n.
1981: Fyrste gong over 50 000 besøkandes på Dyrsku'n: 51 035 selde billettar.
1987: Nybygg med friluftsscene.
1990: 62 742 besøkandes på Dyrsku'n.
1991: 125-årsjubileum. 18 dekar nytt utstillingsområde. Opprusting av kjøkken og kafeteria.
1993: Ny publikumsrekord: 64 182.
1995: Dyrsku-arrangementet omorganisert, Dyrsku'n får dagleg leiar. Dyrskuplassen utvida til 120 mål (innafor gjerdet).
1996: Driftsselskapet Dyrsku'n Arrangement AS overtek drifta av Dyrsku'n. Ny husdyrhall og ny ride/salshall. 66 417 besøkandes på Dyrsku'n.
1997: Husmannsstoga frå Gonge på Seljordsheii blir restaurert og teken i bruk under Dyrsku'n.
1998: Nytt, moderne toalettanlegg.
1999: Sterke Nils-tunet og den nybygde "Stogo"blir opna. Ny publikumsrekord: 69 887.
2000: Rosemålarane tevlar om publikumspris. Besøkstal: 67 158.
2002: Ny publikumsrekord under Dyrsku`n, heile 75 072 betalande gjester.
2003: Skoghuset under oppføring. Ein gamal byggeskikk i grindverkteknikk som vart nytta i jarnalderen.
2004: Den nye smia og ystebui vart teken i bruk.
2006: Dyrsku`n fyller 140 år! Ekstra satsing på dei fleste område. Cowparade vert avslutta med ein auksjon under Dyrsku`n der pengane går til bønder i Malawi.
2007: Storstogo bygd og tatt i bruk, bygget husar administrasjon for Dyrsku'n Arrangement og Mattilsynet, samt kjøkken og kafeteria