Fjellbryggeriet er under etablering i Åmotsdal og forventar å vere i gang med brygging i løpet av 2013.
Margit og Aasmund Rinde driv Fjellbryggeriet i Åmotsdal, i Seljord kommune. Dei har utvikla eigne oppskrifter og brygga øl i 12 år.
Kvart einaste øl som Margit og Aasmund bryggar er eit kunstverk. Dei nyttar berre dei beste råvarene for å brygge unikt øl med særpreg.
Fjellbryggeriet kjem i fyrste omgang til å tilby 4 typer øl:
- Lager
- Brown ale
- India pale ale (IPA)
- Porter
Etter kort tid tek dei også sikte på å produsere eit eige lokalt øl av råvarer frå området.
I tillegg til sal av kvalitetsøl tilbyr Fjellbryggeriet også:
- Heimebryggarkurs
- Ølsmaking
- Omvising
- Sal av malt og humle til heimebryggarar