VÅRMARKNAD 10.- 11. MAI 2013

Sjå video frå Vårmarknaden 2012 her!VÅRMARKNADEN I SELJORD
samlar årleg om lag 6500 besøkande, 240 utstillarar og 160 campingeiningar.
Arrangementet er i positiv utvikling og besøkstalet aukar år for år. Marknaden har ei spennande blanding av gamalt og nytt. Her kan ein gå på skattejakt og finne antikvitetar og motordelar ein har jakta på lenge, samstundes som ein finn det nyaste nytt innanfor ferie og fritidtidskategoriar.
BRUKT OG DEL
- Sal av gamalt, brukt og antikk
- Godt utval i delar til veterankøyretøy og andre køyretøy
Veteranbilutstilling
Veteranbilutstillinga er eit flott skue av gamle gode veteranbilar og køyretøy.
Etter ein lang vinterdvale stiller veteranane blankpussa og fine på Vårmarknaden.
I fjor stilte det om lag 130 veterankøyretøy. Me inviterar alle som har køyretøy som er over 30 år, til å stille på Vårmarknaden.
Informasjon om veteranbilutstillinga:
Stein Larsen tlf. 920 12 639
e-post: post@vtmk.net
Besøk www.vtmk.net
Ferie og fritid - nye produkt innan:
- Bil og motor
- Sport og friluftsliv
- Camping og hytte
- Hage og hagerom
MATSAL
Storstogo servering tilbyr god heimelaga mat med ein variert meny som serverast frå fleire utsalsplassar på marknadsområdet.
OPNINGSTIDER
Fredag 10. mai - kl. 14.00 - kl. 20.00
Laurdag 11. mai - kl. 09.00 - kl. 17.00
INNGANG PUBLIKUM
Born t.o.m 15 år - Gratis
Vaksen frå 16 år kr 70,-
PARKERING - Gratis
CAMPING
Dyrskuplassen er Noregs finaste og best utbygde festivalplass med gode fasilitetar. Under Vårmarknaden tilbyr vi gjester og utstillarar til å campe på eigen marknadscamping frå torsdag til sundag.
Pris
Torsdag/fredag – sundag kr 350 pr pers.
Laurdag – sundag kr 220 pr pers.
Born under 16 år gratis
Prisane inkluderar straum og inngang til marknaden fredag og laurdag. (Inkluderar ikkje konsert på laurdag)
FOR UTSTILLARAR:
Har du noko å selje ?
På Vårmarknaden kan alle få plass, ingen er for små og ingen er for store. Her kan ein selje gamalt og nytt av alt slag, det som er gamalt og skrot for nokon er verdifullt for andre. Vårens nye produkt innan ferie og fritid er alltid aktuelt for publikum, det er mangt ein «bare må ha» når ein ny sommarsesong tek til. Dyrskuplassen har ein 150-årig lang handelstradisjon, så her sit pengane ekstra laust i lomma
PRISAR STANDLEIGE
Pris for begge dagane (inkl. mva)
Utestand kr 125 pr frontmeter (djubde ca 5-7m)
Utestand – stor kr 25 pr m (minimum 100m)
Innestand kr 90 pr m2 (Husdyrhallen)
Prisane er inkl. mva.
Born får gratis stand for sal av leiker, sportsutstyr m.m. på reservert salsområde.
Vi tilbyr gratis stand til nye utstillarar innan ferie og fritidskategoriane.
Søknadsfrist 29. april - etter det personleg oppmøte på mogleg ledige plassar.
For utstillarar vil det vere opent på plassen frå kl 08.00 begge dagar
Aktivitetar:
Program båe dagar:
- Veteranbilutstilling - felt B
- Utstilling av transporthistoriske køyretøy - felt G
- Modellbilar ved Magne Golid - Hall B
- Golf ved Norsjø Golfklubb - felt I
- Z Museum - Dalane Skule
- Hoppeslott, lykkehjul og fotballradar ved Bø Frivilligsentral - Fjosveggen
- Leikepark (på eige ansvar) - bak Informasjonen
Fredag:
- Hittegodsauksjon kl. 16.00 - Hall C/Landbrukshallen
- Seljord RC-klubb - køyring/konkurransar med premiar kl. 18.00 - 20.00 - Hall B/Husflidshallen
Laurdag:
- Quiz/natursti for born ved Seljord turlag/Seljord Frivillighetssentral/Seljord jeger og fisk med fine premiar - foran Husdyrhallen
- Seljord RC-klubb - køyring/konkurransar med premiar kl. 14.00 - 16.00 - Hall B/Husflidshallen
- Drifting/trial/cross show kl. 12.00 ved NMK Seljord og Setesdal Folkehøgskole - Ridebanen
Velkomen til ein yrande og aktiv Vårmarknad !