Dyrsku’n blir i år arrangera 14.-16. september og lokalprodusert mat vil vere eit viktig innslag i Dyrsku-bilete. Lokalmat på Dyrsku’n starta opp som et prosjekt med Småkalateltet i 2001. Teltet var på 200 m2 og innehaldt 20 matutstillarar, hovudsakleg frå Telemark. Interessa for Småskalateltet var stor allereie frå starten og trenden den siste åra har vore positiv med tanke på vidare utvikling for produsentar av produkt med lokal tilknyting.
Dette førte til at vi for to år sida sette i gang med å løfte lokalmat på Dyrsku’n enda eit hakk vidare. Som eit ledd i utviklinga, flytte vi lokalmatteltet opp mot Hovudporten og utvida området kring teltet betydeleg, slik at det også skulle bli eit miljø for lokalmat utanfor teltet, som nå er utvida til å være 540 m2. Vi har også bygd opp 10 raudmåla salsbodar med tanke på profilering og sal av lokale produkt.
Overordna mål for Matkvartalet/Norsk Matglede på Dyrsku’n:
«Matkvartalet på Dyrsku’n skal vere ein nasjonal møteplass for matprodusentar, mataktørar og matinteresserte forbrukarar. God kvalitet og høg standard skal prege utstilling og program. Samtidig skal det vere ei oppleving for publikum og utstillarar med folkeliv, matglede, matkultur og trivsel. Sentrale element i utstillinga er lokalmat, tradisjon og historie. Arrangementet skal vere eit samarbeid med strategiske samarbeidspartnarar innan produksjon, kompetanse og offentlege næringsinstansar».
I 2011 var årets produkt ost og årets produsent Holte Gard(and/kylling). I år er årets produkt spekemat og årets produsent Heimdal høglandsfe. Det vil sei at vi i år inviterar lokale produsentar av spekemat til gratis standplass i Matkvartalet. Vi vil invitere ei ny produktgruppe til gratis standplass kvart år. Når det gjeld årets produsent, vil vi nytte produkt frå Heimdal i vår servering og som produkt til Telemarksmeisterskapet for vidaregåande skular. Heimdal høglandsfe held til i Treungen og driv med økologisk drift av høglandsfe og villsau. Dyra går ute heile året og gjer krattskog om til velsmakande biffar.
Telemarksmeisterskapet er eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Telemark og Dyrsku’n Arrangement AS og dei tre vidaregåande skulane i fylket med restaurant og matfag(Bø vgs avd Seljord, Croftholmen vgs og Hjalmar Johansen). Vinnaren av konkurransen går vidare til Austlandsmeiskerskapet. Koordinator for Telemarksmeisterskapet er Liv Grethe Ekre, leiar ved Bø vgs avd Seljord.
Av andre ting som skal skje i Matkvartalet under Dyrsku’n, kan vi nemne at Telemark Bygdekvinnelag vil vise korleis ein kan lage sunn og god barnemat, Telemarks turistforeining vil lage bålmat, det vil bli demonstrasjonar av kjevlebakst og brødbaking i vedfyrt bakaromn, og ein godkjent soppkontrollør vil fortelje om matsopp. Det vil og vere høve til å ta med seg eigen sopp for kontroll.
Som ein del av Norsk Matglede på Dyrsku’n, vil det og bli mogleg å få seg eit godt måltid mat. Det vil mellom anna bli får-i-kål med villsau-kjøt frå Heimdal, og det vil bli grilling av ymse produkt av høg kvalitet; storfe, vilt og økologisk. Noko for ein kvar smak. Nytt av året blir et kaffetelt der publikum kan kjøpe med seg nybrent kaffe eller ein kopp espresso eller liknande.
Som vi ser vil årets utgåve av Norsk Matglede på Dyrsku’n bli ei oppleving for alle våre sansar. Vi kan ta med oss gode lukter, smakar og mykje god mat heim etter ei triveleg helg på Dyrsku’n.