 http://norskgardsost.blogspot.no/ | |
Landsutstillinga for Norsk Gardsost
Landsutstillinga for Norsk Gardsost arrangeras i år i samband med Dyrsku’n.
Det ventes rundt 60 utstillarar og 150 produkt til utstillinga. Kåring av vinnarar i kvar klasse skjer på torsdag.
Under Dyrskudagane er det moglegheit til sjå heile utstillinga, og Norsk Gardsost sel produkta sine i Matkvartalet.
Sjå eigen meny for Landsutstillinga ved å trykke på "Arrangement" og velg "Landsutstillinga" øvst til høgre.
Trykk «Last ned» for å kome direkte til påmeldingsskjemaet.
Les meir
Last ned
|
 |
Fyrsteinntaket til Dyrsku'n klart
Me blei ferdige med fyrsteinntaket til Dyrsku'n like før helga, og du kan gå inn på kundesenter-sida under "Dine saker" for å sjå status på saken(søknaden). Dei som det står "Godkjent" på, får snart eit brev i posten med standnummer og størrelse. Dei det står "mottatt" på, er dessverre satt førebels på ei aktiv venteliste. Me vil ta kontakt så snart det endrar seg.
Trykk "Last ned" for å kome direkte til kundesenteret.
Last ned
|
 |
Grillkveld på Dyrskuplassen 25. mai
Storstogo servering inviterar alle sykkelheltar frå Kanalrittet, og andre heltar, til grillkveld og musikk ved Remi Nerbø
Laurdag 25. mai kl. 18.00
Grillbufe kr 250,-
Påmelding til Thomas Falck tlf 909 22 337 innan fredag 24. mai kl 18.00
|
 |
Trekning av billettar til Dyrsku'n
Me har trekt ut følgende vinnarar til inngangsbillett på Dyrsku'n 2013:
Arne E. Lindanger
Anne Venke Skogen
Bjørn Evensen
Else Brit Helland
Tove Bredesen
Grete Venås
Vinnarane er kontakta, og billett vert sendt i posten.
Me sjåast på Dyrsku'n!
|
 |
Vinnarar Seljord RC-klubb
Under årets Vårmarknad var det køyring og konkurransar i Hall B i regi av Seljord RC-klubb.
Det var 3 prisar som vart utdela kvar dag, og vinnarane er:
Fredag:
Publikumsprisen: Jan-Ivar Moen
Beste drifterunde: Tom Magnushommen
Beste rundetid: Asle Oppsund
Laurdag:
Publikumsprisen: Vemund Veting
Beste drifterunde: Noah Kasin
Beste rundetid: Tom Magnushommen
Seljord RC-klubb og Dyrsku'n Arrangement AS gratulerer vinnarane!
|
 |
 Scania vabis på transporthistorisk utstilling | |
Våt, men vellukka Vårmarknad
Laurdag på Vårmarknaden samla 3640 så langt, dette talet vil stige ettersom det er venta fleire hundre på konserten med Morten Abel i Ridehallen laurdag kveld. Vårmarknaden 2013 vil skrive seg inn i historia som ein våt, men vellukka marknad med eit totalt besøkstal berekna til godt og vel 6000.
Les meir
|
 |
Vel 2000 besøkande på Vårmarknaden
Vårmarknaden samla i alt 2150 på sin fyrste dag, det er eit godt besøkstal, været tatt i betraktning. På hittegodsauksjonen selte Lensmannen ut smitt og smule og mange fekk kjøpt seg brukbare syklar til gje bort pris. I morgon er det den store motordagen, med veteranbilutstilling og motorshow med drifting, trail og crosskøyring. Metrologane melder om opphaldsvær til utpå ettermiddagen, så då ligg alt til rette for ein fin Vårmarknadsdag på Dyrskuplassen.
|
 |
 Trivelege marknadsdagar | |
Utstillarliste for Vårmarknaden 2013
Då er utstillarlista for Vårmarknaden klar - trykk "Last ned" for å få oversikt over dei påmelde deltakarane. I tillegg ventar me rundt 100 utstillarar som melder seg på ved ankomst. Me ynskjer velkomen til ein triveleg handel!
Last ned
|
 |
 NMK Seljord testar banen | |
VÅRYRE MARKNADSDAGAR 10.-11. mai
Me ønskjer velkomen til nye våryre marknadsdagar på Dyrskuplassen. Vårmarknaden opnar fredag 10. mai, den 14. i rekka, og er større og meir innhaldsrik en nokon gong. Marknaden har vekse år for år og det er venta om lag 7000 besøkande, 250 utstillarar og 150 campingeiningar.
Les meir
|
 |
|
Eldre pressemeldingar
|